tysdag 15. mars 2016

Møt opp i senatet

Caesars død av Vincenzo Camuccini
Dette er dagen folkens.

Kanskje årets viktigaste dag.

Det er Ides av Mars, den midterste dagen i mars-månad slik dei gamle romarane såg det. Sånn ca. Om lag. Med litt Shakespeare i mellom.

Dette er dagen då folkets mann vart røva i frå oss av korrupte parlamentarikarar og sjofle svikefulle vener som Brutus. Det seiast at Caesar skal ha reist sin toga for å dekke andletet sitt då han såg at Brutus var ein av dei som stod i kø for å knivstikke han. Han vil vel neppe kor vondt det gjorde å verte svika av ein av sine næraste. Og det forstår vi godt. Så ivrige var desse senatorane i sitt forræderi at dei skal ha såra kvarandre ein del medan dei veiva med knivane sine over den stakkars folkehelten Caesar.

Politikarar burde ikkje drive med drap, dei er så inkompetente.

Det gjekk rykter om at Brutus faktisk var sonen til Caesar, men Caesar var berre 15 då Brutus vart fødd.

På den andre sida så er det Caesar vi snakkar om her. You go, boy!

Gjennom åra har vi skrive mykje om Caesar og hans endelikt. Og vi ser vel ingen grunn til å ikkje halde fram med denne folkeopplysinga. Tenk kor annleis verda såg ut om vi såg ho i lys av at vi for 2000 år sidan vart frårøva ein folkets mann. Republikken fall kanskje ikkje fordi dei fekk ein diktator, men fordi parlamentet valte å velte han.

Her trår vi farleg nær fascismen, men så lenge ein har sko på bør det gå greitt.

Brutus er kanskje ein av dei mest interessante personane i denne samanhengen. Etter at dei hadde drept vår kjære Caesar utlyste senatorane at dei sjølv skulle få amnesti for det dei gjorde. Folket var likevel ikkje fullt så blide, så fleire av dei, deriblant Brutus søkte tilflukt langt vekke frå Roma. Brutus reiste på strandferie på Kreta.

Octavius tok over som prokonsul i Roma i 43 f.kr. og erklærte alle dei skuldige senatorane for å vere drapsmenn. Dette første på sikt sjølvsagt til ein klassisk romers møljeslosskamp med fleire generalar og legionærar enn det som strengt tatt skulle vere naudsynt. Til slutt vart Brutus slått, og måtte flykte frå slagmarka.

Han bestemte seg for å avslutte flykta ved å flykte inn i sitt eiga sverd haldt oppe av to av sine menn.

Det kallar eg å gå ut med stil.

Og slik gjorde Brutus opp for seg, for sine ugjerninger. Og eg likar å tru at difor ser Europa ut som det gjer i dag. Ingen Caesar, men med eit vaklande EU.